Saken er tidligere publisert i Bondevennen 19/23, og gjengitt med tillatelse fra dem.
Skrevet av Liv Kristin Sola
– I ei stor drift må dei daglege tinga, som fôring og mjølking, gjerast enkelt. Og i ein travel kvardag treng me eit system som varslar brunst og kalving, seier Eirik Voll.
Eirik driv med kylling, økologisk, tomatar og mjølk, med 360 tonn i kvote og 47-48 jerseykyr i robotfjøs. Han nytter berre kjønnsseparert sæd og sel livdyr. Då er det spesielt viktig å ha is i magen og vente til rett tidspunkt for inseminering.
Sonen Anders er tømrar, men aktivt med i drifta. Dei var tidleg ute og tok i bruk SenseHub, og har systemet i alle kviger og kyr. Enda lenger har dei hatt eit varslingssystem for kalving.
– Me må vere til stades når det er brunst og kalving, men det går mykje tid om me skal springe inn og ut or fjøset for å sjekke, når vi kan bruke teknologi til slikt. Slike system er til enorm hjelp i kvardagen for oss bønder, seier Eirik Voll.
Han likar å prøve ut ny teknologi, og meiner det er viktig å henge med i utviklinga både for eigen del, men òg for neste generasjon. Og Anders er vel så oppdatert som far sin om kva som skjer i fjøset, sjølv om han er på jobb på dagtid.
Varslar om helse
Jersey kalvar lett, men kan vere utsett for mjølkefeber. Med helseindikatoren får dei varsling om det blir dropp i drøvtygginga.
– At kua ikkje et, er eit varsel om sjukdom, at kua må sjekkast, seier Anders.
Og det kan gå fort.
– Av og til ser du ingenting, neste dag er ho sjuk. Då er det viktig med eit tidleg varsel, seier han.
Dei sjekkar framleis drektigheit, men meiner det eigentleg er overflødig.
– Kyr som ikkje har vore aktive på seks veker er drektige, seier Anders.
– Dette funkar, utan tvil. Me har god kontroll på buskapen og kvardagen er enklare med eit slikt system, seier Eirik Voll.
Han trur det vil skje mykje i landbruket framover og gler seg til å ta del i det. – Den moderne bonden må ha kontroll i alle ledd, og gjere smarte ting som monner, seier Eirik.
Interessert i SenseHub?
Bruker du ikke SenseHub ennå, men tror at dette kan være noe for deg? Kontakt Genos erfarne konsulenter for en aktivitetsmålingsprat, eller fyll ut skjemaet nedenfor, så kontakter Geno deg.