Spar tid på brunst

11. august 2023

Så glapp det igjen. Kua var i brunst, du rakk berre ikkje å sjå det. Men det finst system som vaktar brunst både for mjølkekyr og kjøtfe, i lausdrift og på bås.

Saken er tidligere publisert i Bondevennen 19/23, og gjengitt med tillatelse fra dem.

Skrevet av Liv Kristin Sola

Friske dyr i god energibalanse viser brunst og tek kalv. Så enkelt, men så vanskeleg. For brunst er eit overskotsfenomen. For kua, men også for bonden. Du må bruke mykje tid og følgje godt med, med mindre du har ein aktivitetsmålar som gjer mykje av jobben for deg – betre enn du sjølv kan klare.

Foto: Spar tid på brunst med SenseHub
Klassisk: Når brunsten ser slik ut, er det ikkje til å unngå å legge merke til – om du er til stades.
Men i ein travel kvardag kan det vere lett å oversjå brunst. Foto: Liv Kristin Sola

SenseHub

SenseHub er ein aktivitetsmålar som består av ein transponder på dyret (i øyret eller som halsband) og ein controller (antenne). Systemet må vere kopla til internett. Rekkevidda er rundt 500 meter ved fri sikt.

Det finst ein versjon for mjølkekyr og ein eigen for ammekyr som kommuniserer med storfekjøtkontrollen.

Øyretransponderen har LED-lysindikator som blinkar når eit dyr bør sjekkast nærare. Du kan velje to ulike blinkemodus, alt etter kva dyret bør sjekkast for.

Lausdrift: Dekker drøvtygging og aktivitet for både kviger og kyr, på same system.

Båsfjøs: SenseHub i båsfjøs er avhengig av driftsopplegg. Har du mykje inseminering
haust og vinter er det ikkje å tilrå som fullverdig løysing. Men det kan vere eit godt hjelpemiddel om du vil ha meir sommarmjølk, og inseminere vår og sommar, på beite. Kviger i bingar blir fanga opp av aktivitetsmålaren.

Foto: Spar tid på brunst med SenseHub
Overvaking: Med denne i øyret har du god oversikt over dyra dine. Foto: Liv Kristin Sola

Varslar brunst og helse

Systemet overvakar besetninga heile døgnet. Du får varsel (på telefon, nettbrett eller pc) når ei ku eller kvige er i brunst. Brunstvarselet er basert på aktivitet, drøvtygging og etetid. Systemet viser styrken på brunsten, om ho faktisk er i brunst, eller berre er med på leiken. Svake brunstar blir fanga opp, og du får varsel om når det er optimalt tidspunkt for å inseminere.

Basert på aktivitet og drøvtygging, får du varsel dersom ei ku blir sjuk eller om det er noko unormalt med ei eller fleire kyr. Er du tidleg ute kan du førebygge sjukdom, eller starte behandling om nødvendig.

Spesielt viktig er det å overvake drøvtygging og aktivitet i tida før og etter kalving. Systemet har eigne algoritmar som følger ekstra nøye med.

Vel du ei utvida pakke, kan du få informasjon om fôring, varmestress, grupperutinar og utvida rapportar.

Har du kjøtfe og gardsokse, kan du gi systemet beskjed når du slepp oksen på dyr med transpondarar. Systemet vil da registrere den naturlege bedekninga slik at du kan få rett kalvingsdato og faktisk vite om dyret har tatt seg.

Erfaring frå tre bruk

Bondevennen har besøkt tre bønder på Rennesøy i Rogaland, som har tatt i bruk SenseHub.

– Eg sparar mykje tid, seier Erik Voll, som driv i lausdrift med mjølkerobot.

– Eg får inseminert kvigene til rett tid, seier Olav Bø, som driv i båsfjøs.

– Eg kan inseminere fleire dyr, og treng berre éin okse, seier Jim Arild Håvarstein, som har ammekyr i lausdrift.

Enkelt å montere, enkelt å bruke, og god brukarstøtte, er konklusjonen til dei tre bøndene. No får dei varsel om brunst eller mogleg sjukdom hjå dyra, om dei er i traktoren, på møte, i konfirmasjon eller på ferie.

– Når du har kjøpt systemet, er det gratis i bruk – enn så lenge, seier Jim Arild.

Foto: Spar tid på brunst med SenseHub
Beitetid: Olav Bø har mykje vårkalving og inseminering på beite. Foto: Liv Kristin Sola
Foto: Spar tid på brunst med SenseHub
Beitetid: På telefonen får Olav Bø rapport om drøvtygging, aktivitet og etetid på kvart enkelt dyr, eller grupper av dyr. Og varsel når det er brunst eller sjukdom. Foto: Liv Kristin Sola

Lyser brunst

Olav Bø har for tida 24 kyr som mjølker, 190 tonn i kvote, og driv i båsfjøs. Han har kalving heile året, men mest om våren. Å få kalv i kyrne har ikkje vore problem, men å sjå brunst på kvigene når dei er inne i bingane, var ei større utfordring.

– Utfordringa med kvigene er at dei ikkje må bli for gamle før dei tek kalv, seier Olav.

Difor skaffa han seg SenseHub, og har sett øyremerke i alle kvigene.

– No lyser det brunst når eg kjem i fjøset, seier han, og viser til at merkene har ei LED-pære i seg som lyser når kvigene er i brunst.

No har han færre omløp på kvigene, og det er lettare å planlegge kalvingstidspunktet.

Rett tidspunkt

Å oppdage brunst er ein ting, men rett insemineringstidspunkt er noko anna.

– Eg prøøøver å halde att, men dei gongene eg bommar, er nok fordi eg har vore for snar med å inseminere, seier Olav.

Nettopp difor vil han bruke SenseHub også på kyrne.

– Eg oppdagar brunst tidlegare og insemineringstidspunktet blir sikrare, seier Olav. – Og så er det jo alltid kjekt å prøve litt nye ting.

Han kan enkelt flytte antenna utanfor fjøset slik at den dekker beitet. Rekkevidda på antenna skal vere rundt 500 meter, dersom det ikkje er hindringar. Kviger som skal inseminerast i løpet av sommaren, beitar i lag med kyrne.

– Slik får eg mykje gratis med tanke på brunst i denne tida, seier Olav.

På telefonen kan han sjå brunstsyklus på kvart enkelt individ, og får varsel om ujamne brunstar. Når kyrne står inne kan han stille ned sensitiviteten på varselet, men Olav er klar over at systemet ikkje fungerer optimalt når kyr står på bås.

– Det einaste heftet så langt, er dobbeltregistrering, både i Kukontrollen og i SenseHub. Og du må ha nettilgang i fjøset, seier han.

Interessert i SenseHub?

Bruker du ikke SenseHub ennå, men tror at dette kan være noe for deg? Kontakt Genos erfarne konsulenter for en aktivitetsmålingsprat, eller fyll ut skjemaet nedenfor, så kontakter Geno deg.

Ja, jeg ønsker å vite mer om SenseHub og vil gjerne bli kontaktet!

Interessert i SenseHub?

Bruker du ikke SenseHub ennå, men tror at dette kan være noe for deg? Kontakt Genos erfarne konsulenter for en aktivitetsmålingsprat, eller fyll ut skjemaet nedenfor, så kontakter Geno deg.

Ja, jeg ønsker å vite mer om SenseHub og vil gjerne bli kontaktet!