Saken er tidligere publisert i Bondevennen 19/23, og gjengitt med tillatelse fra dem.
Skrevet av Liv Kristin Sola
– Eg ville inseminere kvigene og klare meg med éin okse, seier Jim Arild Håvarstein.
Han brukar lettkalva okse på kvigene, men vil ha større oksar på kyrne. No har også dei fleste kyrne aktivitetsmålar, og stadig fleire kyr vert inseminert.
– Når kua går med kalven skjuler ho ofte brunsten, men med dette systemet får eg varsel om kvar brunst, seier Jim Arild.
Han har framskunda kalvinga, og dei første kalvane kjem rundt juletider. Dei siste i april. Målet er å tette gapet enda litt meir.
– Eg sel nokre avlsoksar, og det er bra at oksane er store når kjøparen treng dei, seier Jim Arild.
Meir kjønnsseparert
Fjøset stod nytt i 2016 og rommar rundt 40 charolais-kyr pluss ungdyr. Han har selt ein del kviger til liv, men den marknaden kan bli ustabil. Og kyrne kan leve lenge, opptil ti kalvar er fullt mogleg, meiner bonden.
Interessa for avl er aukande, og planen er å sette opp ein meir systematisk avlsplan. Han nyttar berre kolla oksar, og skal bruke meir kjønnsseparert hanndyrsæd for å få fleire oksar.
– Det er to tidslinjer for når det er optimalt å inseminere. Ein for tradisjonelle dosar, og ein for kjønnsseparerte, kor tidsrommet for å lukkast er litt kortare, seier Jim Arild.
Seksti dagar utan brunstaktivitet etter inseminering, viser status at kua truleg er drektig.
– Og det stemmer, seier Jim Arild.
Minst mogleg okse
Kvigene blir inseminerte tidleg og drektigheitskontrollert før beiteslepp. Alle skal kalve i god tid før teljedato 1. mars. Kyrne blir inseminert i mars og april. Oksen slepp først til på beite for å ta eventuelle omløp, eller kyr som har sein kalving.
– Eg brukar oksen minst mogleg inne. Med spaltegolv røyner det på beina på
desse tunge dyra, seier Jim Arild.
Med dette driftsopplegget kan han ha same okse i fleire år før han treng tenke på innavl. For oksen blir verande ei stund til, sjølv om bonden no har planar om ta insemineringskurs.
Vil du vite mer om hva Jim Arild Håvarstein synes om SenseHub?
I april 2021, ganske rett etter at Jim Arild Håvarstein begynte å bruke SenseHub, intervjuet vi ham om hans erfaringer med aktivitetsmåleren så langt.
Interessert i SenseHub?
Bruker du ikke SenseHub ennå, men tror at dette kan være noe for deg? Kontakt Genos erfarne konsulenter for en aktivitetsmålingsprat, eller fyll ut skjemaet nedenfor, så kontakter Geno deg.